Auka oppslutnad om the Northern ID Network
(Over: Illustrasjonsbilde. Foto: iStock.)
For ganske nøyaktig eitt år sidan møttest dei første deltakarane i det som skulle bli til Northern ID Network. Møtet fann stad hos Nationalt ID-center i København. Nasjonalt ID-senter, Swedish Migration Agency og nederlandske Dutch Immigration and Naturalisation Service vart saman med danskane samde om å sjå nærare på moglegheita for å etablere eit utvida nordisk ID-samarbeid. Resultatet vart Northern ID Network, eit ID-nettverk som no kan sjå attende på sitt første samarbeidsår.
Kunnskaps- og røynsleutveksling
Føremålet med nettverket er å leggje til rette for utveksling av kunnskap, ekspertise og røynsler på ID-området. Det er danske Nationalt ID-center som har hatt formannskapet i 2019, og gjennom året har medlemslanda sett nærare på korleis vi kan samarbeide og utveksle røynsler innan fagområde som dokumentkontroll, biometri, informasjonsinnhentingsreiser, ID- opplæring og misbruksstatistikk.
Organisering i undergrupper
ID-nettverket har fire undergrupper, og ei ny undergruppe startar opp i 2020. Medan styringsgruppa legg føringane for arbeidet for nettverket, har den enkelte undergruppa ansvar for fagfelta sine. Til no har arbeidet i nettverket vore fordelt på dei følgande undergruppene:
- Biometrics subgroup: Undergruppa fokuserer på andletsamanlikning, andletsgjenkjenning og fingeravtrykk. Gruppa blir leidd av the Swedish Migration Agency.
- External training subgroup fokuserer på opplæring og verktøy til bruk av første- og andrelinjeressursar. Gruppa blir leidd av Nasjonalt ID-senter.
- Trends of misuse of ID documents and identities subgroup fokuserer på informasjonsutveksling av relevant misbruksstatistikk, men også korleis ein kjem fram til best mogleg grunnlag for utarbeiding av statistikk for kartlegging av misbruk av ID-dokumenter og identitetar.
- Knowledge management subgroup skal mellom anna sjå på korleis samarbeidet om framtidige informasjonsinnhentingsreiser kan verta organisert best mogleg. Formålet er å redusere faren for overlappande arbeid. Arbeidet i denne undergruppa blir leidd i fellesskap av Nasjonalt ID-senter og danske Nationalt ID-center.
Ny undergruppe blir etablert
I byrjinga av desember 2019 møttest deltakarane i styringsgruppa for nettverket for å oppsummere det første året og stake ut kursen for 2020. I tillegg til å presentere arbeidet undergruppene har lagt ned så langt, vart det vedteke å utvide nettverket med ei femte undergruppe for dokumentgranskarar.
Fleire land interesserte
Northern ID Network kan no bli utvida med nye medlemsland. Representantar frå Island, Storbritannia og Finland var invitert til å delta på årets møte. Island og Storbritannia deltok i møtet, men Finland måtte melde fråfall i siste minutt. Alle vurderer å slutte seg til fellesskapet.
Noreg overtek formannskapet
Eit annet nyhende frå møtet er at Noreg tek over formannskapet i Northern ID Network i 2020 etter danskane. Møtet for neste år for styringsgruppa blir arrangert i Oslo.