Besøk av Utlendingsnemnda (UNE)

Den 27. april vitja UNE Nasjonalt ID-senter
Published: 5/2/2023
UNE.jpg

Frå UNE kom direktør Marianne Jakobsen, Kjetil Larsen, Sonja Egnen Siewert, Anne-Karin Westbye, Thale Berg Husby og Eva Selseng.

Under møtet var det produktive diskusjonar om samhandling, utfordringar og mogelegheiter framover. Presentasjonane som vart haldne, gav innsikt i korleis NID kan støtta UNE i einskildsaker og kva for område NID og UNE samarbeider om i dag. Dette omfattar tilbod om rettleiingstenester, kompetansehevingsprodukt og webinar, og at NID stiller som rettssakkunnig i tilfelle der det er uklarleik knytt til identitet i saka

Presentasjonane vert haldne av Toril Lysaker, Knut Øvregård, Zybelin Beck, Ingeborg Farstad og Liv Toril Bloch. Motet var prega av gode samtaler om samhandling, utfordringar og mogelegheiter. Vitjinga vart avslutta med e omvising i NID sine lokale.