Dette er verktøya til Nasjonalt ID-senter

Nasjonalt ID-senter tilbyr ei rekkje verktøy og hjelpemiddel som gjer arbeidsdagene enklare for deg som arbeider med å kontrollera og avklare identitet.
Published: 3/2/2023
Brikker som kan settes sammen

På portalen vår finn du til dømes ID-basen, der vi har samla informasjon knytt til identitet om ulike land på ein stad. Dette verktøyet gjev sakshandsamarar og andre rask tilgong til informasjon om identitetsdokument, personregister og annan bakgrunnskunnskap som er nyttig når du gjer ein ID-kontroll.

Referansedatabasar for enklare dokumentkontroll

På nidsenter.no gjev vi deg enkel tilgong til referansedatabasar som DISCS og iFADO. DISCS inneheld opplysningar om ekte og falske underlagsdokument. I iFADO finn du informasjon om ekte og falske ID-kort og pass, handbøker m.m. Les meir om referansedatabasar her.

Du kan òg abonnera på alerts, oppdatert informasjon i ID-basen og anna faginnhald på dei landa eller temaa som er aktuelle for deg. Alerts er varsel om falske dokument som vert produserte internasjonalt. På sidene om alerts finn du mellom anna teknisk informasjon om trendar og falske identitetsdokument. Om du abonnerer, får du umiddelbart melding når vi oppdaterer nettsidene.

ID-kompetanse

Nasjonalt ID-senter tilbyd fysisk og digital opplæring på ulike nivå til sentrale ID-aktørar. Vi tilbyd kurs i ID-kontroll på fyrste- og andrelinenivå, opplæring i ID-kontroll for personar som skal arbeida med identitetsvurderingar og spesialtilpassa opplæringar. Vi har i tillegg utvikla nyttige verktøy for instruktørar som skal gje opplæring til eiga fyrsteline.