Ny nettside om misbruk av identitet og identitetsdokumenter
(Illustrasjonsbilde: Getty Images/iStockphoto)
Saman med fleire andre aktørar fra politi og utlendingsforvalting har Nasjonalt ID-senter no teke fatt på arbeidet med å sjå nærarfe på korleis arbeidet med å dela informasjon kring identitet og identitetsdokument kan gjerast enklare og meir effektivt.
Det går føre seg eit prosjektarbeid som skal sjå på kva høve som finst til å dela slik informasjon på den lukka delen av Nasjonalt ID-senter sin fagportal. Sida skal nyttast til å dela aktuell informasjon, statistikk, trendar og modusar som går på misbruk av ID og ID-dokument.
Prosjektet har deltakarar frå Nasjonalt ID-senter, UDI, UNE, PU og Oslo politidistrikt og vert leia av Nasjonalt ID-senter. Målet er å levera eit løysingsforslag til ei slik nettside innan året er omme.