Biometriske system i utlendingsforvaltninga
Utlendingsforvaltninga og grensekontrollstyresmaktene brukar ulike biometriske system for å gjennomføra kontroll av utlendingar sin identitet. Utlendingsforvaltninga og grensekontrollen gjer biometriske kontrollar ved søknad om opphald, visum eller asyl og ved grensepassering og utlendingskontrollar.
Vi skil mellom to typar samanlikning; identifisering og verifisering. Det vil framgå av situasjonen og formålet i regelverket om formålet med den biometriske kontrollen er samsnlikning for identifisering eller sammenligning for å verifisera identitet.
Her har vi samla dei ulike biometriske systema i utlendingsforvaltninga. De ulike situasjonane for høve til biometrisk søk og samanlikning er gjevne i horisontal akse og dei ulike systema er gjevne i vertikal akse. Der aksane møtest, har vi systematisert oversikta, slik at vi fyrst angjev heimelen for søk og høve, deretter om det er anledning til verifisering og/eller identifisering, kva for type biometriske data som vert handsama og kva for ein applikasjon som vert brukt.
Dette er eit omfattende felt som stadig endrar seg, og vi vil gå gjennom matrisen regelmessig. Har du innspel til innhald eller endringar, ta kontakt med oss her.