ProFID – nytt system for kartlegging av forfalska ID-dokument

ProFID (forkorting for Profiling Fraudulent Identity Documents) er eit datasystem utvikla ved universitetet i Lausanne i samarbeid mellom sveitsiske og franske politistyremakter, med finansiell stønad frå m.a. EU og Europol.
Publisert: 24.10.2022
iStock_bildeforfalskning.jpg

(Over: Illustrasjonsbilde, iStock.)

I dette systemet, som har vore under testing/utprøving sidan 2019, kan kontrollstyremaktene i utvalde europeiske land leggja inn anonymiserte bilete og tekniske beskrivingar av falske ID-, reise- og underlagsdokument, og informasjon om modus, reiseruter, etc. Målet er å bruka den tekniske og taktiske informasjonen til å avdekka kriminelle nettverk og aktørar som produserer og distribuerer falske ID-dokument. 

Informasjonen vert brukt til å knyta saman forfalska dokument med felles kjenneteikn, med så mange detaljar som mogeleg og så breitt som råd er. I kombinasjon med taktisk informasjon kan dette gje grunnlag for ei etterforskning som forhåpentleg kan føra til at produsent/distributør vert lokalisert.

I den fyrste fasen av utprøvinga av ProFID var det berre Sveits og Frankrike som deltok, men frå 2020 har òg Nederland, Tyskland, Belgia, Storbritannia, Finland og Noreg valt å delta. I Noreg starta Kripos, Nasjonalt ID-senter og Nasjonalt Kompetansesenter Grensekontroll (NKG) i Øst politidistrikt våren 2021 registrering av falske dokument i ProFID.

I løpet av 2022 vert talet ytterlegare utvida. Målet er at fleire av dei større europeiske landa med yttergrense til Schengen òg skal delta.

Kvart land har sin eigen database med tilgong berre til landet sine eigne dokument og avdekte seriar. ProFID har òg ein felles database under utvikling og testing, kor alle landa kan dela anonymisert informasjon om sine avdekte seriar. Såleis kan dei sjekka om dei same er vorte funne i andre land.

Ein slik internasjonal database for falske dokument har mange fordelar. Den internasjonale delinga av (hittil) fleire tusen falske dokument gjer det mogeleg å skaffa ei heilt anna oversikt enn tidlegere over likskapar og skilnader mellom dei avslørte dokumenta. Tekniske detaljar seier noko om måten dokumenta er produserte på. Ved å samanlikna systematisk fleire beslaglagde dokument av den same typen kan ein avdekka modusar for forfalskingar og jamvel «varemerket» til falskneren eller det kriminelle nettverket som står bak. Dette kan til dømes visa seg gjennom gjentekne feil ved skrivefeil eller printing av dokumentet. Slike detaljar er viktig etterretningsinformasjon som kjelde til kunnskap på både strategisk og operasjonelt nivå.

Slik er ProFID ei støtte i etterforsking og kriminalanalysar. I tillegg set det politi og andre som gjer dokumentundersøkingar, i stand til å spissa søka i kontrollverksemda si. Informasjonen er òg viktig for legitime produsentar av ID-dokument, for at dei skal kunna laga betre og sikrare dokument ut frå meir innsikt i kva sikkerhetselement falsknarar klarer å etterlikna.