Internasjonale ID-eksperter møttes i Norge
Northern ID-Network vart etablert i 2019 og er samansett av det danske Nationalt ID-Center, svenske Migrationsverket, nedelandske Immigration and Naturalisaation Service og det norske Nasjonalt ID-senter. Organisasjonane er ulike i storleik og organisering, men har månge like oppgåver og rollar innanfor ID-området.
Organisasjonsstrukturen i nettverket er bygd opp rundt ei leiargruppe og flerre undergrupper. Sverige tek no over formannskapet i nettverket etter at Noreg har htt formannskapet sedan 2020.
NIN skal leggja til rette for utveksling av kunnskap, erfaringar og beste praksis mellom ID-skepertar. Nettverket deler informasjon uformelt, og samarbeider når det er hensiktsmessig. Eit positivt resultat er harmonisering av beste praksis og prosedyrar innanfor ID-feltet.
Typiske samarbeidsområde er arbeid med kvalitetssystem, utveksling av informasjon under kritiske hendingar som gjeld involverte land, innformasjonsinnhentings reiser utvikling av læringsprodukt og liknande.
Toril Lysaker, sjef for Nasjonalt ID-senter, konkluderer med at samarbeidet i nettverket på tvers av landegrenser så langt har vore vellukka, jamvel under tøffe år med pandemi.
– Vi deler erfaringar og tips og råd når det gjeld kvalitetssikringsarbeid ved til dømes dokumentlaboratoria, seier Lysaker. Vi har utvikla sjekklister i fellesskap, og vi utviklar læringsprodukt og deler kompetanse innanfor dokumentgransking. Vi deler informasjon om kva for land vi skal prioritera å henta informasjon frå, vi samarbeider om reiser og vi deler informasjon i etterkant av reiser. Vi deler òg kunnskap ved å inkludera einannan i kurs og webinar. Dette sparer ressursar, bygg relasjonar i fleire dimensjonar og kjem samfunnet i dei respektive landa til gode, avsluttar Lysaker.