Korleis vert eg registrert brukar på Nasjonalt ID-senter?
For å få tilgong til verktøya som Nasjonalt ID-senter tilbyr, må du fyrst registrera deg som brukar.
Dersom du tilhøyrer politiet eller ein av organisasjonane innanfor utledningsforvaltninga, kan du enkelt sjølv registrera deg som brukar.
For å registrera deg som brukar, går du til Nasjonal ID-senter si forside (www.nidsenter.no) og trykker på knappen «Logg inn» øvst i høgre hjørnet av skjermen. Nedst i vindauget som dukkar opp, finn du alternativet «Jeg er ny bruker». Klikk på denne lenka og følg instruksjonane. Dersom du tilhøyrer politiet eller utlendingsforvaltninga, vil du motta ein epost der du fullfører registreringa og lagar eit passord. Når dette er gjort, er du registrert og kan ta i bruk tenestene.
Sjølv om du ikkje jobbar i politiet eller utlendingsforvaltninga, men har tenestleg behov for tilgjenge, kan du få dette etter ei individuell vurdering. Følg den same framgangsmåten som over, så vil vi vurdera om du skal få tilgjenge.