- Nasjonalt ID-senter er eit fagleg sjølvstendig ekspertorgan som skal sikra høg kvalitet på ID-arbeidet som vert gjort i politiet, utlendingsforvaltninga og hjå andre offentlege verksemder.
- Vi har spisskompetanse på ID- og underlagsmetdokument, og vi utviklar verktøy og metodar som vert brukt til å avklåra identiteten til utlendingar som kjem til eller oppheld seg i Noreg.
- Nasjonalt ID-senter tek initiativ til samarbeid og felles løysingar, tilbyr opplæring og verktøy, utviklar statistikk og analysar og gjev bistand og råd. Vi fattar ikkje avgjerder i einskildsaker.
- Nasjonalt ID-senter er administrativt underlagd Politidirektoratet.
Våre verktøy
Nasjonalt ID-senter tilbyr ei rekkje verktøy og hjelpemiddel som gjer arbeidsdagane enklare for deg som jobbar med å kontrollera og avklåra identitet. På portalen vår finn du til dømes ID-basen, der vi har samla identitetstilknytt informasjon om ulike land på ein stad. Dette verktøyet gjev sakshandsamarar og andre raskt tilgjenge til informasjon om identitetsdokument, personregister og annan bakgrunnskunnskap som er nyttig når du driv med ID-kontroll.
Referansedatabasar for enklare dokumentkontroll
På nidsenter.no gjev vi deg enkelt tilgjenge til referansedatabasar som DISCS og iFADO. DISCS inneheld opplysningar om ekte og falske underlagsdokument. I iFADO finn du informasjon om ekte og falske ID-kort og pass, handbøker, m.m. Les meir om referansedatabasar her.
Du kan òg abonnera på alerts, oppdatert informasjon i ID-basen og anna faginnhald på dei landa eller temaa som er aktuelle for deg. Alerts er varsel om falske dokument som vert produsert internasjonalt. På sidene om alerts finn du m.a. teknisk informasjon om trendar og falske identitetsdokument. Om du abonnerer, får du direkte melding når vi oppdaterer nettsidene.
ID-kompetanse
Nasjonalt ID-senter tilbyr fysisk og digital opplæring på ulike nivå til sentrale ID-aktørar. Vi tilbyr kurs i ID-kontroll på fyrste- og andrelinenivå, opplæring i ID-kontroll for personar som skal jobba med identitetsvurderingar og spesialtilpassa opplæringar. Vi har i tillegg utvikla nyttige verktøy for instruktørar som skal gje opplæring til fyrsteline.
Kven utfører Nasjonalt ID-senter undersøkingar for?
Utlendingsforvaltninga kan søkja råd og sende over saker til Nasjonalt ID-senter for dokumentteknisk undersøking. Meir om det finn du her.
Her finn du Nasjonalt ID-senter sin instruks.
Spørsmål? Skriv gjerne til oss på postmottak@nidsenter.no.