DISCS
DISCS (Document Information System Civil Status) er ein web-basert referansedatabase utvikla av styremaktene i Nederland, Canada, Australia, Dei sameinte arabiske emirata (Dubai), Danmark og Noreg (Nasjonalt ID-senter). DISCS si målsetting er å støtta verifisering av utanlandske og nasjonale dokument som inneheld informasjon om sivilstatus, identitet, nasjonalitet og andre forhold om dokumentinnehavaren. DISCS inneheld m.a. opplysningar om ekte og forfalska underlagsdokument, til dømes identitetskort, fødsels-, vigsels- og dødsattestar, statsborgarprov m.m., og førarkort. Gjennom DISCS får ein òg tilgong til EdisonTD.
Tilsette i norske offentlege organ som kontrollerer dokument, kan søkja om tilgang til DISCS.
Logg inn for å lesa meir og søkja om tilgang.